Hvor mye
opera trenger Norge?
Min assistent Camilla Svendsen forslo at jeg burde invitere inn gjesteskribenter her på bloggen fra tid til annen. Det synes jeg er en veldig god idé. I det siste har jeg reflektert over den store operainteressen som finnes rundt om i hele Norge. Besøket vi hadde fra Norfjordeid for et par uker siden gjorde stort inntrykk, ikke bare på meg, men på hele huset. At det også skulle vekke internasjonal oppsikt, som dere kan lese om under, er jeg ikke forundret over. Jeg spurte derfor min kollega Kari Standahl Pavelich om hun kunne tenke seg å gi en liten rapport, en utfordring hun umiddelbart svarte positivt på. Det de har fått til på dette lille stedet med drøye 5000 innbyggere er et mirakel og vekker berettiget oppsikt langt ut over landets grenser.
Selvom
operamirakelet i Nordfjordeid er unikt, så tror jeg også det er utslag av at operainteressen i Norge aldri vært større enn den er i dag. Denne
sesongen har over 26 000 sett Nasjonaloperaens oppsetning av Madam Butterfly og
over 30 000 så vår oppsetning av Flaggermusen.
Det er utrolige tall. Aktiviteten og interessen er voksende i alle landsdeler.
I Kristiansand og Stavanger har de fått nye bygg med langt bedre forutsetninger for å spille opera. I Bodø kommer det nytt bygg om
halvannet år.
Bergen ser ut til å måtte avfinne seg med å spille i Grieghallen med dens begrensinger i overskuelig
fremtid, men aktiviteten der er ambisiøs. Førstkommende lørdag samles representanter fra
operaselskap fra hele landet til årsmøte i Bergen, der vi skal få se en helt ny oppsetning av
Janaceks opera Den listige lille reven. I dag søndag, er jeg på vei til Trondheim for å overvære premieren på Don Giovanni. Trønderne har valgt å samarbeide med Operaen i
Krakow, der denne oppsetningen hadde premiere for kort tid siden. Kristiansund
har nettopp gjennomført sin operafestuke med nyoppsetninger av både Madam Butterfly og Verdis
Konge Un giorno di regno. Listen over aktivitetene kunne vært mye lenger. Ta en titt på Opera Norges hjemmesider der
du finner en liste over alle de ulike operaselskapene som finnes Norge rundt. http://www.operanorge.no/
Nasjonaloperaen
forbereder sammen med Stavanger Konserthus og Stavanger symfoniorkester en ny
oppsetning av La Travitata som skal ha premiere i Stavanger i slutten av mai og
som til høsten
skal vises i Bodø i
samarbeid med Nordnorsk Opera og Symfoniorkester. Til høsten skal vi lage en
"pocket-opera" som skal kunne spilles i klasserommene og tilbys
barne-og ungdomsskoler over hele landet.
At vi har
fått profesjonelle
produksjonsmiljøer
utenfor Nasjonaloperaen gir rom for en viss konkurranse og virker gjensidig
inspirerende på de
ulike aktørene.
Den gamle modellen med Riksopera er blitt supplert med dyktige operaselskaper
som makter å
kombinere satsing på lokale krefter og dugnadsånd med forestillinger på høyt kunstnerisk nivå. Vi i Nasjonaloperaen ønsker å være et kompetansesenter for
hele landet og ikke minst bidra med forestillinger og konserter i byer og
steder der det ikke er bygget opp egne produksjonsselskaper. Samtidig ønsker vi kontakt også med de største regionsoperaene for å se hvordan vi best kan
utvikle et samarbeid.
Vi må alle stille oss spørsmålet om hvordan vi best skal
utnytte de samlede ressursene. At de større byene i Norge utenom Oslo skal produsere egne påkostede oppsetninger, tror jeg
ikke vil være bærekraftig på lengre sikt. Å produsere opera i stor skala
er dyrt og nye produksjoner bør kunne spilles på flere steder. Jeg tror vi vil oppleve en utvikling der
samarbeid mellom de ulike aktørene ikke bare vil være påkrevet, men også bli ønskelig, fordi det vil åpne opp for kompetanseheving
og styrking av det kunstneriske sluttresultatet. Det kan være samarbeidsprosjekter mellom
de ulike distriks- og regionsoperaene, slik for eksempel Nordfjordeid og
Kristiansund gjør til
høsten, men Najonaloperaen er
også åpen for samarbeidsprosjekter.
En mulightet er produksjon av turné-oppsetninger som vi nå gjør med La Traviata, men det kan også være tenkelig at vi samarbeider
om operaoppsetninger som både kan vises i distriktene og i Bjørvika.
Jeg ser
frem til å møte kollegaer fra hele landet.
Selvom vi har bare har ett fullt utbygget operakompani i Norge, så har vi i Oslo også mye å lære av hvordan opera
produseres, arrangeres og formidles i for eksempel Nordfjordeid, som Kari her
forteller mer om.
I løpet
av ein lang og hyggjeleg telefonsamtale med operasjef Per Boye Hansen for nokre
dagar sidan, fekk eg ei spontan innbyding til å vere gjestebloggar på den faste
søndagsbloggen hans. Klart eg sa ja, så no kastar eg meg til ulvane med skrekkblanda
fryd!
Etter ei
gjesteveke i nasjonaloperaen for eit par veker sidan, med eit
Tryllefløyten-mannskap på 101, ca. 50/50 profesjonelle og amatørar, hadde vi
mykje å snakke om, som kanskje kunne delast med andre. I det følgjande skal
lesarane få eit lite innblikk i kva vi i Opera Nordfjord har styrt med – og
styrer med – for tida.
Torsdag 7.
februar gjekk det første av i alt tre vogntog over Strynefjellet, fullasta med
kulissar, rekvisittar og kostyme, med Bjørvika som endestasjon. I løpet av
innlastinga i den første bilen vart det fort klart at vi måtte ha eit vogntog
til – klart til innlast fredag morgon med nytt riggelag. Då dei var vel i gong,
vart det like raskt som sist klart at det var trong for 4 lengdemeter ekstra
med transport for å få alt av garde – og det hasta!
No hadde
det seg slik at eg skulle rett på lufta på NRK radio, då denne trongen for 4
lengdemeter med transport så akutt meldte seg fredag ettermiddag. Så eg hoppa i
det, greip mikrofonen og etterlyste på direktesending den som kunne tenkje seg
å bli helten i mitt liv – den dagen - og skaffe desse fire metrane med transport for å redde det
lenge etterlengta gjestespelet. Ein halvtime seinare sat eg i frisørstolen med
stripehette og fargestoff over heile mobiltelefonen og ringte til dei lokale
transportselskapa eg hadde fått tips om. Eg fekk napp på andre forsøk, og ja, han hadde så visst fire
meter til meg, og var klar til innlast i bilen neste morgon. Og slik vart det –
håret vart ferdigstripa i løpet av ei rekkje telefonsamtalar, og helten var på
plass! It’s the miracle of a small town!
Resten
vart eit eventyr; Opera Nordfjord vart teke godt i mot i Bjørvika av alle vi
var i kontakt med, og særleg operaens produsent, Jan Helge Trøen. Alle våre
eigne frå 11-75 år, som hadde
teke fri ei veke frå skule og frå arbeid utan lønn, vart litt rakare i ryggen i løpet av veka. Ein kombinasjon av ærefrykt for sjølvaste
nasjonalikonet Bjørvika OG ei sterk tru på at vi faktisk hadde ein flott
produksjon å vise fram! Vårt eige tekniske team arbeidde lange, men
inspirerande dagar saman med huset
sine eigne medarbeidarar, og etter ei lita veke med prøver med regissør Ronald
Rørvik og dirigent Michael Pavelich var vi klare for våre tre forestillingar på
Scene 2.
Vi tør
vel seie at det vart suksess, etter publikum si mottaking å melde. Vi lurer
framleis på kven dei var, alle som
heilt frivillig løyste billett og kom på forestillinga vår og ga oss varm
applaus. Vi såg nokre kjende og kjære fjes heimanfrå i salen, men heldigvis, får vi vel seie, var dei i sterkt
mindretal! Nokre kjendisar var òg registrerte, og det var jo litt ekstra stas.
Musikk-
og operakritikar Andrew Mellor frå dei engelske musikkmagasina og- nettstadene Gramophone og Opera var tilfeldigvis i Oslo denne veka og
tok kontakt for å få pressebillett. Han likte så godt det han såg og høyrde, at han skreiv ein
lang omtale både om sjølve premieren, om bakgrunnen for gjestespelet og om Opera Nordfjord som
distriktsopera. Artikkelen har
vorte spreidd og delt på sosiale medier og har jamvel hamna i Toronto, Canada – no er den kanskje ute
og flyr på verdsveven på veg til nye stader vi aldri får vite om. Les artikkel
Etter nattbussreisa heimatt ei søndagsnatt for å rekkje heim til arbeid og kvardagen måndag morgon, fri for sminke, parykk, sagflis, sytråd, hammar og adgangskort, har det vore godt for oss alle å dvele ved alle dei gode opplevingane frå gjestespelet gjennom vennlege ord frå ein engelskmann. Når vi tenkjer oss om, sto ikkje hovudstadsavisene akkurat i kø for å dekkje premieren vår, men Gramophone vart ein diger bandasje på såret – endåtil på engelsk!
Dagen etter heimkomsten starta
innspurten med 6-timar lange daglege musikaløvingar til Hairspray for
elevar ved Eid vgs. med regissør og musikalsk leiar Michael Pavelich, kvar dag i
heile vinterferien! Denne helga var
det premiere med svingande 60-tals storbandmusikk. 40 elevar frå allmenn- og yrkesfag på scena, tidsriktige kostyme og høgt hår og vasskjemma hår, mykje talent, 16 dansenummer og aller
mest veldig mykje øving og arbeid sidan tidleg i haust . Klart at
dette er ei reise i danning for dei unge, klart det er utviklande for
personlegdomen, for sjølvkjensla og for eiga meistring. Det bidreg til å sprenge nye grenser og å nå nye mål. Eg er viss
på at for nokre, eller kanskje mange, var nettopp dette musikalprosjektet
skjellsettande i deira liv. Det er ei glede og eit privilegium å sjå korleis usikre ungdommar med varierande sjølvkjensle utviklar seg og finn talent dei ikkje visste at dei hadde, med god
støtte frå inspirerande, kloke vaksne og ein støttande musikalvennegjeng på tvers av linjeval og
klassetrinn, som dei ikkje ville ha kjent elles. Og dei vi allereie kjenner som
flinke og talentfulle, vert endå flinkare og motiverer og gjer dei andre gode. Joda,
drama i skulen er bra! Les om Hairspray
Tysdag
kveld har vi vår siste
Messias-korøving med 90 korsongarar, av dei 65 ungdommar frå musikklinja ved
Firda vidaregåande skule i Gloppen. Veka etter møtast kor, orkester og solistar for aller første
gong. Händel sitt meisterverk skal setje seg i ryggmargen for alltid hos dei unge
songarane, som byter ut kvardagsdongerien og tennisskoa med finkjole, dress og
tversoversløyfe. I Eid, Gloppen og
Florø skal dei lage stor musikk, tre dagar til ende. For ei gåve det er for oss
i Opera Nordfjord å få forvalte oppdragarrolla gjennom spennande
samarbeidsprosjekt med nyfiken og søkjander ungdom, der musikkskatten, som ein konglomerat i sine mange variantar, finn vegen til hjartet . Så
enkelt er det. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen, enkelt og greitt:
vårt oppdrag er først og fremst å røre ved hjarta ...
I år
feirar Opera Nordfjord 15 år; i 1998 hadde vi eit budsjett på kr 750.000 på vår
første Flaggermusen-produksjon, med 4 utselde forestillingar og 1400
tilhøyrarar i aulaen på Fjordane Følkehøgskule. I år dristar vi oss til
ny-premiere i Operahuset Nordfjord, 10 forestillingar, 4900 billettar og eit budsjett på kr 4,1 mill. I tillegg presenterer vi for
aller første gong ein rein ballettproduksjon, Nøtteknekkaren, med tre
forestillingar og 90 born og unge på scena, KOR vi gler oss!
Eg takkar
for meg og vonar at de som les dette tek dykk tid til å lese artiklane de finn
i lenkjene – dei er først og fremst ein hyllest til lojale
dugnadsarbeidarar og framsynte lokal- og fylkes politikarar, som heia oss fram
og tok riktige avgjerder til rett
tid både når Opera Nordfjord vart stifta og når operahuset ”vårt” vart bygt .
Kanskje de får lyst til å ta dykk ein tur til hausten og oppleve sprudlande
Wienermusikk og yndige dansarar i tyllskjørt? Operahuset Nordfjord er eit
gjestfritt hus, som folket i Nordfjord – velkomen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar